Påskegjestene er på plass i Uskedalen.
Påskegjestene er på plass i Uskedalen, – på Rabben Feriesenter, i båthamna og i hytter og hus. Magne Heggøy på Rabben fortel til uskedalen.no at heile 130 påskegjester har funne sine plassar. Berre halvparten av hyttene er i bruk så tidleg i sesongen. Det er både faste camperer, stamgjester og nye gjester. Det er kontrollert bubilinnrykk. Årsaka er begrensa straumkapasitet i denne kulden. Ingen vil frysa. 30 bubilar er på plass. Heggøy presiserer at det er viktig at alle får ei god oppleving av å vera gjest på Rabben. Nokre av dei faste båtgjestene har funne sin plassar i båthamna. På Skorpo er det innrykk i dei fleste hyttene.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal