Om ikkje det vert den store tilstrøyminga, så er likevel mange faste påskegjester på veg til Uskedalen. Då vil dei møta ei påskepynta bygd med påskeblomar i krukker og bed. Elin og Geir Enes hadde planen klar for opning av Vertshuset Perla. Det vart ikkje noko av. Opninga er utsett til rolegare tider med pandemien. Likevel har dei planta, målt murvegger og pynta opp område rundt selskapslokale. På gangvegen langs elva er påskeliljene på plass.

Aslaug og Henrik Lyse har planta og pynta opp rundt Infotavla. Uskedal utvikling har gjort det same i krukkene som står på bestemte plassar langs Fylkesvegen. Hildegunn Klette Hansen har sytt for at det er planta og rydda rundt Helgheim.

Gro Hjelmeland ser til at det er planter og fine fargar ved inngangen til blomebutikken. Gro`s Blomster er eit blikkfang for alle som køyrer gjennom sentrum.

Frå båthamnene og campingsplassane.

Det er ikkje for seint om andre vil vera med og gjera sitt til at Uskedalen framstår som ei påskepynta bygd andre legg merke til.

På gangvegen langs elva er påskeplanter på plass i stativa.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Elin Enes