Sondre frå Gerdrum er saman med familien sin på påskeferie i Uskedalen. Skjærtosdag vart det eit påskebad frå båtplassen deira på Uskedalen Brygge. Temperaturen var rundt 9 gr. i vatnet. Badesesongen er med andre ord starta, noko vi også høyrer frå andre bygder i Kvinnherad. For heilårsbadarane er temperaturar kring 4 – 5 gr. ikkje uvanleg.
Etter det uskedalen.no kjenner til, er det også ein solid gjeng her i Uskedalen som har drive med bading fast ein gong i veka gjennom heile vinteren.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat