Det var for alle eit utventa innslag då fire medlemer i Uskedal ungdomslag si teatergruppe kom på scenen og kora Tucos Lounge som fyrste band på årets festival. Koristane i alderen 72 til 90 kom godt frå oppgåva. Klimaks var då Bjørgulv Eik ( 90 ) tok eit steg fram og saman med gitaristen spelte på luftgitar. Mannsgruppa var med på melodiane The Sheriff og Over my dead Body. Til slutt song alle solo som eit mannskor. Å kora ei rockegruppe var ei ny oppleving. Rett nok har Bjørgulv Eik vore på den store scenen før, då som maskot i Felleskjøpdress og med høygaffel. Det var eit motiv som også vart brukt på plakaten den gongen. På bilete ser du koristane til høgre på scenen. F.v: Ståle Eik, Bjørgulv Eik, Magne Eik og Kristian Bringedal

Ståle, Magne, Kristian og Bjørgulv gjer seg klar med hattane sine.
Back Stage – klar for innmarsj på scenen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Mona Grønningen - Kvinnheringen/ Kristian Bringedal