Dette er ei påminning frå Uskedal sokneråd om konfirmantjubileet i oktober. Det vart sendt ut invitasjonen i mai månad. Påmelding til Eli Roseth Eik. E-post: elireik@hotmail,com. Telefon: 957 86 228. Konfirmanthelga 5. og 6. oktober vert gjennomført etter den malen ein har brukt dei siste 15 åra. Samlinga er annankvart år.

På gardsbesøk hos Svanhill og Lars Haugland., 2022

Laurdagen:

  • Samling v/ Gamleskulen kl. 15.00: Bygdevandring/busstur i Uskedalen
  • Etter rundturen går vi på kafe. Sosialt samvere – konfirmantbilete

Sundagen

  • Gudsteneste i Uskedal kyrkje
  • Middag på Vertshuset Perla: Helsingar og andre innslag

Soknerådet legg mykje arbeid ned i førebuing og gjennomføring av konfirmanjubileet. I andre sokner er det som oftast berre ei kort samling på sundagen. I Uskedalen går samlinga over to dagar. Mange reiser langt og vil bruka meir tid på møte med konfirmantkullet sitt. Det er ofte ein fordel at nokon på kvar gruppe tek ansvar og minner på datoane og påmelding. Grupper tidlegare har ofte brukt Facebook til dette føremålet.

Dette er jubilantane i år:

  • Dei som vart konfirmerte 1943 og 1944: 80 års jubilantar
  • Dei som vart konfirmerte 1953 og 1954: 70 års jubilantar
  • Dei som vart konfirmerte 1963 og 1964: 60 års jubilantar
  • Dei som vart konfirmerte 1973 og 1974: 50 års jubilantar
Tekst: Uskedal sokneråd
Nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto frå jubileet 2022