Påmeldingnae er på veg inn til konfirmantjubileet i september. Totalt er det 111 namn på lista. Dei fleste av dei har motteke invitasjonen på e-post eller på SMS. Berre nokre få har fått invitasjonen i posten. Soknerådet har med dette spart store portokostnader. Med digial utsending kan det sjølvsagt vera at nokre likevel ikkje er informert om jubileet. Difor er dette ei påminning og oppmoding til andre om hjelp med informasjon. Dersom du har konfirmantjubilantar i slekta di eller i dine relasjonar, hjelp oss slik at vi når fram til alle. Påmelding til elireik@hotmail.com innan 1. september.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal