Ei perfekt julegåve!

Lokalhistorie er kjekt og interessant stoff. I år vil nok den siste boka i serien “Den nære fortida” vera ei populær julegåve. Mange har uttrykt at dei ønskjer seg den, sjølv om allereie godt over 400 bøker er gått ut. I boka kan ein ikkje berre lesa om den 160 årige historia med butikkdrifta og om historia rundt Sandakaien, men det er mykje anna historie frå dei siste 80 åra. Her er både frå utviklinga i skulen, gardsdrifta, fotballen og mykje anna. Det er mange interesanne bilde i boka med personar ein drar kjensel på.

I tillegg til at både bok 1 og 2 er i salg på Spar Uskedalen, kan begge bøkene kjøpast både på Rosendal Bokhandel og Norli/Ringo på Husnes Storsenter. Dei kan også kjøpast ved å kontakta skriftstyret, kontakt 932 88 237 eller messenger.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland