Ei strålande oppleving.

Denne veka har det vore stor aktivitet i Fjellhaugen skisenter. Alle skulane har, etter det vi kjenner til, hatt skidag. Tirsdag hadde mellom anna elevane ved Uskedalen ein flott dag med snøaktivitetar saman med mange andre. Då blei det brukt heile 12 bussar til transporten. I dag, torsdag, var det elevar frå Vaksenopplæringa som stod for tur. Det blei ein strålande dag med mykje smil og glede, og der mange hadde ski på beina for aller første gong. På bildet over ser vi dei fleste i den glade gjengen ved slutten av dagen. Alle har like luer som dei har fått som premie frå Telenor og Uskedal IL/skigruppa.

Ungdommen Abel frå Eritrea, på ski for første gong, susar gjennom portane.

Då gruppa kom til Fjellhaugen, blei vi mottekne av dei to hjelpsame karane Olav Gunnar Hjelmeland og Ivar Berge Soldal frå Fjellhaugen skisenter. Dei hjelpte til med å frakta utstyret på snøscooter. Til opplegget for dagen ytte Knut Arild Sørensen frå Friluftsrådet Vest svært god hjelp. Forutan å stilla med skiutstyr til alle, hadde han med truger, grillar og eit rikt utval av mat til å ha på grillen, reinsdyrskinn til sitjeunderlag, akebrett i ulike variantar, ja, vi kan trygt seie at han kom med bilen fullasta.

Gruppa hadde base nede på sletta, og mange fekk ein god start på “skikarriera”. Med det gode humøret som blei vist, trur eg dei kan nå retteleg langt! I tillegg til å gå i heller flate løyper, var det nokre som kjørte i bratte bakkar. Nokre deltok i skileik der dei kjørte under portar og kunne plukke opp twist. Atter andre aka så det suste i akebakken, nokre tok ein liten prøvetur på truger medan det også var muligheter for andre skileikar der dei m.a. kunne kasta erteposar på boksar eller ballongar.

Grillane blei fyrt opp, og sjølv om alle hadde med eiga niste, sytte grillsjefane Shan frå Kina, Thippaya frå Thailand og Abdullah frå Syria for både pølser, kyllingklubber, hamburger, fiskekaker, ja, til og med popcorn. Alt dette hadde Knut Arild frå Friluftsrådet Vest med seg. Og i tillegg vanka det både appelsiner og kvikklunsj.

Grillmeistrane Shan frå Kina, Thippaya frå Thailand og Abdullah frå Syria sytte for veldig mykje godt for magen.

Etter den koselege og velsmakande matøkta tok nokre turen opp i barneskitrekket medan andre forsette med kjekke aktivitetar nede ved basen. Etter avslutninga med ein kjekk ringleik til musikk, var det klart for premieutdeling. Svært glade og fornøgde deltakarar kunne motta premiane sine. Dette var premiar frå Telenor som skigruppa i Uskedal Idrettslag ikkje hadde fått delt ut tidlegare på grunn av pandemien. No skapte premiane verkeleg glede!!

Vaksenopplæringa ber oss formidla ei stor takk til Knut Arild Sørensen i Friluftsrådet Vest som gav dagen slikt eit flott, kjekt og velsmakande innhald. Stor takk sender dei og til Fjellhaugen Skisenter ved Olav Gunnar Hjelmeland og Ivar Berge Soldal som var så hjelpsame.

Glade og fornøgde filippinarar etter å ha prøvd seg på ski.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.