Tirsdag i kveldinga kom ein kortesje med fem flotte Volvoar i solid veteranklasse til Rabben Feriesenter. Alle bilane hadde også med seg tidsriktige campingvogner i veteranklassen. Av bilane var det tre av typen Volvo Duett, medan to var Volvo PC. Dette var så interessant at dei såvidt hadde fått rigga seg på plass og var komne i gang med eit felles grillmåltid då uskedalen.no dukka opp blant dei fine og tilårskomne bilane og campingvognene.

Raud og kvit Duett er 1968 mod., medan den raude er 1966 mod.

Litt overraska blei eg då det viste seg at dei kom frå ulike kantar av landet. Frå Vegårdshei, Trondheim, Kløfta, Sandnes og Fetsund kom dei fem para som reiste saman. I 11 somrar hadde dei vore på fellestur med dei gamle Volvoane sine.
– Det er feriebilen vår det , sa ein av dei.
Turmåla hadde vore ulike deler av landet, men også utanlands. Dei nemnde at dei hadde besøkt både Danmark, Belgia, Nederland, Tyskland, Luxemburg, ja, eg trur faktisk det var endå fleire land.

– Vi møtest på landstreffet til Volvo PV-klubben kvart år, og etter det reiser vi på ein vekes ferie i lag. Det har vi altså gjort i 11 år. Sist helg var vi på landstreffet på Morokulien, kloss i svenskegrensa aust for Kongsvinger. Det er eit årleg treff, og der var det 75 bilar. Mandag kjørte vi til Seljord og overnatta der før vi kjørte vidare hit i dag(tirsdag). No blir vi her til fredag eller lørdag, vi let veret bestemma litt, fortel dei koselege veteranbileigarane som blir forstyrra midt i eit herleg grillmåltid. Dei har allereie registrert at det er ein nydeleg plass, og dei lovprisar det som dei ser rundt seg samtidig som dei spør etter litt tips til kva dei bør få med seg under opphaldet.

Denne er ein 1970 mod., og den har gått for Norske Margarinfabrikker.

Eg tenkjer at det må vera bilinteressa som har ført dei så tett saman sidan dei bur så spreidd i landet. Eller kanskje er dei barndomsvenner som er flytta ut frå ein stad??
– Ja, vi er blitt kjende gjennom klubben, og så har det utvikla seg til dette, fortel dei, og det er særdeles koseleg stemning rundt det gode matbordet på Rabben.
Leiren deira med dei staselege bilane og campingvognene pyntar opp på den vakre campingplassen. Det er ein raud Volvo PV Sport, 61 mod.,ein grå Volvo PV, 63 mod., ein kvit Volvo Duett, 70 mod., som har gått for Norske Margarinfabrikker, ein raud/kvit Volvo Duett, 68 mod, som har vore brukt av BP Haugesund og ein raud Volvo Duett, 66 mod., som har gått i Danmark. Samtlege har også campingvogner i veteranklassen så det er eit koseleg og tidsriktig følgje som kvart år reiser på tur i lag.

Vi vil tru at dei får nokre koselege dagar her i Uskedalen og i bygdene rundt oss.

Denne staselege PVen er ein 1963 mod.
Nok eit smykke, PV Sport 1961 mod.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland