I dag var det Herøysundet sin tur med besøk av Veteranbandet frå Uskedalen. Bygdalaget i Herøysundet har bygdekafe i Grendahuset 2. kvar tysdag. Frammøtetalet ligg mellom 15 og 20 personar. Som oftast møter ei gruppe frå barnehagen eller skulen. I dag var det ei gruppe av dei yngste borna i barnehagen. Dei fekk oppleva ei gild stund med song, musikk og artige innslag med rim og reglar. Song- og musikkprogrammet hadde som vanleg innslag frå populær- og korpsrepetoaret. Det var naturleg å minnast Alfred Eik, uskedelingen som bygde opp eit korpsmiljø i Herøysundet og var på det meste musikalsk leiar for tre korps på same tid, både i bygda der han budde og på Husnes. Alfred Eik var i mange år medlem i Uskedal musikklag, også dirigent for Guttemusikken.

Generasjonane møtest på kafe i Herøysundet. Her er ei gruppe frå barnehagen.
2. kvar tysdag er det kafe i Grendahuset i Bringedal.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal