Uskedalen.no fekk vera med på grasberging på nedre Feet med Stian Haugland i dag. Ein liten time i traktorhytta og vi fekk gode svar på alt vi lurte på. Det er godt med gras og den totale avlinga kan bli like god som i fjor. Litt kald vår gjer at det er tett avling. Forenheten, som fortel noko om tørrstoffperioden på graset, er høgre i år. Det lovar godt for kvaliteten. Graset på Feet er av den sorten som er mjølkedrivande. Haugland Mjølk- og maskin har det same arealet som året før. Stian reknar med å hausta om lag 700 ballar til eige bruk.

Stian føl med og styrer alle funksjonane på instrumentpanel inne i traktorhytta.

Maskinfirma på Haugland driv også med leigekøyring, avgrensa til område frå Rosendal til Husnes/ Sunde. Totalt haustar dei 3000 ballar kvar sommar. Pressa er inne i den tredje sesongen. Traktoren er ny. Ein traktor vert brukt til slåmaskinen og den eldste traktoren gjer jobben med riva og bortkøyring. Stian fortel at dei har kapasitet til å hausta det meste heime på eit dag. Rekorden på eit døger er 525 ballar.

Byte av plastrullar skjer manuelt.

Alle operasjonane vert køyrt frå instrumnetpanel inne i hytta. Kamera syner arbeidet ute. Eit eige instrument er for alle funksjonane på pressa. Stian må ut av traktoren når han skal fylla på med nye plastrullar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal