Eliteserien i fotball er godt i gang. Etter eit svært tett serieprogram har laga no ein kort ferie på grunn av treningskampar for landslaget. Viking sin talentfulle midtbanespelar, 20-årige Harald Nilsen Tangen, har derfor nytta veka til å slappa godt av på Martabu på Sanden i Uskedalen. Viking har hatt ein grei sesongstart med 3 sigrar og 3 tap, men for Harald som enkeltspelar har starten på sesongen vore veldig oppløftande. Han har fått mykje speletid, og gjort det svært godt på banen for Stavanger sin fotballstolthet.

Konkurransen om å komma på Viking-laget er særdeles stor denne sesongen. Derfor er det svært gledeleg at Harald har fått speletid i 5 av dei 6 kampane til no. Tilliten frå trenarane har auka for kvar serierunde, og etter særs gode innhopp mot Lillestrøm og Mjøndalen, var han i startoppstillinga mot FK Haugesund. Det resulterte i at meritterte offensive spelarar som Yann Erik de Lanlay og Kevin Kabran sat på benken.

I kampen mot Mjøndalen kom Harald inn ved pause, og han var sterkt medverkande til at Viking snudde kampen til siger etter at Mjøndalen hadde leia ved pause. I denne kampen scora han også sitt første eliteseriemål då han utlikna til 1-1. I kampen mot FK Haugesund fortsette han å plukka målpoeng. Etter ei glimrande forsering blei han felt og skaffa laget straffespark som Veton Berisha scora på. Ikkje nok med det! Hadde det ikkje vore for kampens merkelegaste dommaravgjersle, så skulle Harald hatt ein straffe til då FKH-keeper Egil Selvik meide han ned. I staden for straffe presterte kampens dommar å gje eit heilt uforståeleg og feil frispark til keeperen. Viking tapte kampen, men til liks med i Mjøndalen-kampen var Harald ein av dei som scora høgast på børsane til dei ulike ekspertane.

Denne veka har Harald Nilsen Tangen feriert i Uskedalen.

Denne veka har altså Harald Nilsen Tangen hatt ferie frå jobben sin som fotballspelar. Då har han kosa seg i feriehuset deira, Martabu, som han no har overteke saman med søskena sine. Det var i kjellaren i dette huset oldeforeldra hans starta butikken som gjennom åra har utvikla seg til den Spar Uskedalen som vi har no.

Harald Nilsen Tangen har i mange år vore sett på som eit heilt spesielt fotballtalent. Alt som 15-åring var han i fleire internasjonale storklubbar, både engelske og tyske, sitt søkelys. Bayern München kom for eksempel med tre mann for å følgja han ei veke med tanke på å knyta han til seg, men Harald og foreldra takka nei til tilbodet. Han er grossist på landskampar, og kan visa til heile 31 aldersbestemte kampar for Norge. Viss han no etablerer seg på det sterke Vikinglaget, er det ikkje umogeleg at plass på U21-landslaget kan auka dette talet.

Vi møtte Harald laurdag føremiddag før han seinare på dagen skulle reise tilbake til Stavanger og Viking. Vi lurte på kva han meinte var grunnen til at det no ser ut til å losna skikkeleg. Han la ikkje skjul på at han hadde ein svært god treningsvinter bak seg utan nokon form for skadar. I tillegg nemnde han at låneopphaldet hos det gode Åsane-laget i fjorårssesongen hadde vore særdeles vellukka og utviklande. Dessutan fekk vi inntrykk av at han hadde tett og god dialog med trenarapparatet.

Vi er interessert i å få vita korleis det er å vera toppfotballspelar i desse koronatider.
-For oss er det ganske greitt. Vi har kohorten vår, og vi blir testa tre dagar før kvar kamp. Det er nok mykje verre for alle som ikkje får spela fotball, seier han og sender nokre tankar til breiddefotballen.
Harald sjølv fekk oppleva å bli smitta saman med 8 lagkameratar i Åsane i fjorårsseongen. Det var ei sak som blei mykje omtala i media. Ein smitta Kongsvinger-spelar spelte kamp mot Åsane etter at han var blitt testa, men før svaret på testen var klart.

Det har vore interessant å følgja med på podcastar som Vikingpodden og Studio A samt i avisspaltene til Aftenbladet denne vinteren og våren. Lovorda om den talentfulle 20-åringen har komme tett. Sjølv har den særs sympatiske og jordnære ungguten beina godt planta på jorda. Han veit det er hard jobbing og tolmodighet som lønnar seg. Når vi spør han om framtidsdraumen, svarar han:
-Det hadde jo vore kjekt å få prøva seg i utlandet, men akkurat no har eg det kjempebra i Viking. Det er ein god plass for meg og mi utvikling.
-Det er tett kampprogram. Det blir vel ei stund til vi ser deg i Uskedalen igjen? spør vi.
-Ja, det kan fort bli neste år, smiler han, kampane kjem tett og sesongen varer lenge.

Det blir spennande å følgja den veloverveide og sympatiske ungguten utover i sesongen. Starten har i alle fall vore god. Det er ein råsterk stall Viking har i år. Imponerande av Harald.

Harald Nilsen Tangen går i fotspora til far Rune som i si tid var ein forsvarsbauta i Rogalandsfotballen.

Harald Nilsen Tangen har jo noko å liknast på. Faren, Rune Nilsen, er vel den uskedelingen som kan visa til den største fotball-karriera. Han takka nei til Viking, men han blei ei legende i SIF som då spela på nestøverste nivå. Der var han krumtapp og kaptein og passerte godt over 300 kampar. No gleder han seg stort over den gode utviklinga til sonen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.