På dagen, 5. juni 2024 har Torger Øye vore busssjåfør i 50 år og det med same arbeidgjevar, nemleg H.S.D. Bilane, no Tide Buss. Det må vera rekord. Han har køyrd alt som er av ruter i selskapet. Det heile starta med mjølkebil i 1974. Seinare har det vore lokale ruter, rute på Bergen, skulebuss, skiftbuss og ikkje minst cruise- og langruter med turistar. Det geografiske område strekkjer seg frå Russland i aust til Okenøyane i vest og Benidorm i sør. På nord kom han ikkje lenger enn til Namsos. Les meir, så kjem forklaringa.

Torger i dei tider da han køyrde turbuss på Europa.

Torger Øye ( f. 1951 ) kjem frå Snilstveitøy. Han var snikkar nokre år, men helsa tilsa at han måtte finna seg eit lettare arbeid. Starten på busskarrieren var i Haugesund som vaskehjelp på Haugaland Bilag. Etter kort tid kom han til Kvinnherad som sommaravløysar på mjølkeruta, ein buss med opne sider. Ruta gjekk mellom anna frå Bringedalsbygda og Uskedalen til meieriet på Seimsfoss.

Etter ei kort tid kom han over på passajerbussane, ikkje minst på turkøyring på Europa. Turane starta i Bergen, gjekk via Larvik til Fredrikshamn og vidare på sør til Tyskland, Italia og like til Benidorm i Spania. Han har vore innom 25 ulike nasjonar på desse turane i løpet av dei 27 åra han var på utanlandskøyring.

Torger er med i Vateranbusslaget og tek turar slik det var for 40 år sidan.

Torger har alle eigenskapane som skal til for å vera eit god bussjåfør. Han snakkar lett med folk, kjenner alle på vegen, er open og venleg, lærte seg tidleg engelsk og meistrar såleis det meste i transportbransjen. Engelsk ja, på Snilstveitøy på ein fådelt krinsskule kring 1960, spør du. Det hadde seg slik at han og to kameratar ville læra seg engelsk Dei fann nokre lærebøker og innlæringa gjekk strykande. Men, dei tenkte ikkje over at det var noko som heitte lydskrift. Det fekk dei læra seg då dei kom over fjorden til lærar Bøyum på Malmanger.

Vi spør kva som er dei store endringane på alle desse åra. Svaret kjem kjapt:

  • Før hadde vi dårlege bussar, men god tid. No har vi gode bussar, men dårleg tid.
  • Før og etter telefon i bussen. Dersom vi var seine i ruta før, kunne vi ikkje telefonera og bed ferja venta. Ferja gjekk og passasjerane stod ofte att på kaien. No har vi kontakt heile tid.
  • Billetteringssytemet, frå papirbillettar på rull til i dag at kunden syner deg billetten på ein app på mobilen. Torger har vore innom fem ulike system for billettering.

Så var det dette med Namsos i nord. Torger gjekk ein dag til disponent Aksnes og spurde om han kunne få turkøyring på Nordkapp. Aksnes smatta på pipa og sa: Eg tenkjer det best du held deg til dei rutene du er vane med å køyra. Slik vart det. Torger Øye kom ikkje til Nordkapp med buss. Han og kona Gerd har vore der med hurtigruta.

Slik møter vi Torger i bussen.

Torger kan, fram til han fyller 75 år, køyra buss med passasjerar. Etter det må han over på trailer, gods og tomme bussar. Slik er reglementet i Noreg.

På den tida redakøren strevar med skriving, er Torger sjølvsagt på cruiskøyring, frå Rosendal til Mauranger. Neste dag kan frammøte vera Eidfjord, Haugesund eller Flåm. Lang tilkøyring på smale vegar er ikkje noko heft. Torger er med. Dette trivst han med. Han avsluttar samtalen slik: Straks eg kjem meg i uniforma og bak rattet, er alle problem borte vekk. Då er det berre fryd og glede.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto - Lars Wang