Heile 16 medlemer i Røysterett for Alle møtte fram på Rød i kveld med song til Kirsten Rød på 80 års dagen hennar. Det var ei overrasking. Kirsten og mannen Kåre tok helsinga på strak arm og kvitterte med ein dans på balkongen. Haldor Tveit hadde trekkspelet med og dei seks songane var valde ut med tanke på den spreke 80 års jubilanten.

16 medlemer i Røysterett for Alle møtte fram til Kirsten Rød på 80 års dagen med hagekonsert.

Kirsten er registrert på medlemslista til Røysterett for Alle alt i 1988. Det vil sei at Kirsten har vore med i koret sidan skipinga det året. Ho er ikkje den eldste korsongarane. Ester Mørstad slår henne med fire år. I det firstemte koret syng Kirsten sopran.

Lars Henrik Skogtun, styreleiar, fortel at Røysterett for Alle tek til med øvingane torsdag 26. august. Musikalsk leiar er Maria Malmsten. Nye medlemer er velkomne.

Kirsten og Kåre kvitterte med ein dans på balkongen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Nina Rød Eidsvik