Norsk Tipping sine Grasrotmidlar i perioden mai – august er tildelt. Totalt er det overført kr. 920 166,- til lag og organisasjonar i Kvinnherad. Av denne summer går kr. 71 385,- til Uskedalen. Uskedal Idrettslag toppar alltid lista med heile kr. 36 561,-. Ein god nummer to er Uskedal skulemusikk med ei løyving på kr. 11 107,-. Røysterett for Alle vert tildelt kr. 6 525,- fordelt på 19 tipparar. Dei andre laga frå Uskedalen er:

  • Uskedal ungdomslag
  • Festidalen
  • Uskedal helselag
  • Uskedal utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal musikklag
Roysterett for Alle er ein god nummer tre på lista av dei laga i Uskedalen som vert tildelt midlar frå Grasrotandelen.

IL TRIO toppar lista i Kvinnherad. Grasrotandelen er pengar som når fram til det laget du har lagt inn som mottakar når du tippar. Det er ein føresetnad at laget er registrert i Frivilligsregisteret i Brønnøysund.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal