Vårens vakraste skitur i regi av Kvinnherad Turlag gjekk til Ulvanåso i dag, palmesundag. 32 deltakarar frå fem kommunar var med på turen, leia av Geir Eidsvik og Kjell Yri, begge frå Uskedalen. Frammøte er i Tveitedalen og fyrste stopp er ved hytta på Dyrrindo. Dersom det er nok snø, tek ein skia på her. Til vanleg er det pause i Holo, men på denne turen valde ein roleg gange med pause kvar halvtime. Den siste biten fram mot toppen kan vera litt skummel, der ein må visa varsemd. Turleiarane Kjell og Geir er godt kjende i område og har hatt utalige turar med grupper til Ulvanåso før.

Geir Eidsvik ( midt i bilete ) saman med Kjell Yri var turleirarar i dag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto:  Pasi Pohjolisaho   / Kvinnherad Turlag