Om lag 100 av totalt 220 frivillige var samla til informasjon og oppgåvefordeling i kveld. Kontaktpersonane tok kvar si gruppe med ut på postane, anten det gjeld bar, matsal, billettsal, inngong, tryggleik, transport eller festivalcamp. Nytt i år er at Jostein Sydnes frå Stord er leigd inn som prosjektleiar for Festidalen. Han representerer Kulturkontoret som er eit selskap eigd av TysnesFest og Tysnes Kraftlag. Sydnes jobbar også opp mot TysnesFest som går av stabelen om to veker.

Ann Kristin Fausk er leiar for alle dei frivillige. Her orienterer om om kva det vil sei å vera frivillig.

Festidalen starta i 2003. Det er såleis 20 års jubileum i år. Festidalen har utvikla seg eit varmt fellesskap med ein familiestruktur som byggjer på varme, kjærleik og nærhet. Festidalen har i alle desse åra styrkt og utvikla kulturlivet i kommunen.

Tryggleik er ein viktig del av gjennomføringa. Eit eige vektarselskap vil vera på område. Dei vil ta seg av det som vert definert som vanskelege situasjonar.

Fredag på dagtid vert det arrangert tur til Geitadalstind med systrene Haugland som turleiarar. PRIDE markeringa går laurdag mellom kl. 13 og kl. 15, i sentrum med frammøte i Båthamna.

Steinar Haugland med informasjon til ei av mange grupper.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal