Kvinnherad Idrettsråd er tildelt i overkant av kr. 190.000,- til arbeidet for inkludering av born og ungdom i alderen 6 til 19 år. Av denne løyvinga er Uskedal Idrettslag tildelt kr. 11.146,-. Pengane skal nyttast som hjelp til dei som ikkje har råd til å betala for deltaking i idrettsaktivitetar. Tilskotet er ei ekstra løyving til idretten då ein ser at mange fell utanfor og ikkje har økonomi til å vera med. Tildelinga er gjort med bakgrunn i tre kreterier med eit grunnbeløp på kr. 1.000,- og vidare løyving ut frå vekttal med relasjon til aldersgrupper. IL Strand-Ulv toppar lista med Kvinnherad Motorsportklubb som ein god nr. 2.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto