Driftsleiar på SIM, avdeling Kvinnherad, Oscar Langballe hadde sin siste arbeidsdag onsdag for ei veke sidan. Han har vald å gå av med AFP ordning på 66 år og er med det pensjonist. Den siste arbeidsdagen vart markert med kake og sosialt samvære på avdelinga. Driftsleiar Nils Halleraker frå SIM sentralt i Sunnhordland var med på markeringa. Oscar Langballe har vore driftsleiar i tett på 11 år. Halleraker fortel til uskedalen.no at Oscar Langballe har vore ein ordensmann og påliteleg i arbeidet sitt. Før tida på SIM var han bonde og ei tid tilsett i oppdrettsnæringa. Etter det har han vore tilsett på Eidsvik Skipsbyggeri og på Felleskjøpet. Oscar bur store deler av året på Skorpo og må i båt kvar dag i for å koma seg på arbeid. Det er ikkje lange turen, men det kan vera krevjande i dårleg ver. Truleg vil vi stundevis møta Oscar på SIM, men då som vikar.

Oscar Langballe, drifsleiar på SIM, har hatt sin siste arbeidsdag. No er han pensjonist.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: SIM