Kurt Hauge sender oss eit flott innlegg om ørnereir på Skorpo. Dei 8 – 10 siste vekene har dei vore tett på ørnereir med ein unge i. Ørna har mata ungen med gjevne mellomrom, men for to dagar sidan forlet ungen reiret og flaug på eiga hand. I dag har familien Hauge site på hytta og studert den unge ørna då den mellom anna tok ein 1,5 times pause i ei furu like ved hytta. Ørneungen treng meir trening. På filmsnutten ser de korleis ørna krasjlanda i furu. Takk til Kurt Hauge som deler denne hendinga på uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Teknisk hjelp: Hans Ordin Østebø
Foto/film: Kurt Hauge