Ordførar Vegard Bjørnevik saman med Tormod Myklebust vert sjåfør på neste hjelpesending til Ukraina frå Kvinnherad. Turen vil gå i byrjinga av mai månad. Fram til den tid er det innsamling med levering på lageret i Kvinnherad Vekstbedirft sine lokale i Uskedalen. Bjørnevik har i mange år drive i transportnæringa med levering av drivstoff til bønder, verksemder og til private kundar. Han har alle godkjenningar som skal til for å køyra ein semitrailer i inn- og utland. Bilete på topp syner Tormod Myklebust saman med Tor Vidar Sæle frå Kvinnherad Vekstbedrift og ordførar Vegard Bjørnevik.

Bjørnvik er truleg den einaste ordføraren i landet som set av tid ei for å hjelpa THK med transport 4000 km tur/retur. Det er rekna fire dagar på turen få Kvinnherad og fram til byen Uzjhorod i Ukraina, nær grensa til Slovakia. PÅ turen skal ein også ha med to mindre bilar som er ei gåve frå Sunnhordland Kraftlag.

Ordførar Bjørnevik er klar for lang tur til Ukraina. Her står han med ein av to bilar som er ei gåve frå Sunnhordland Kraftlag.

Tormod Myklebust takkar alle for støtte og velvilje. Utan Kvinnherad Vekst hadde ein ikkje hatt lagerplass. Lageret ligg sentralt i kommunen. Her kjem det også sendingar frå Indre Hardanger og Fusa.

Hugs at no er det innsamling fram til 25. april. Opplasting 29. april. For å dekka transportkoatnadene bed ein om at alle vippsar kr. 50,- pr. sekk. Som før så treng Ukraina alt av hjelp: Verkty, madrasser, sko, støvlar, telt, sengklede, teppe, barnesete i bil, kjøkkenutstyr, data, TV, ytterkelde, arbeidsklede m.m.

THK traileren ordføraren skal vera sjåfør på 4000 km. tur/retur, saman med Tormod Myklebust.

Meir om innsamlinga kjem i seinare innlegg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal