Leiarane i Singing Tweens ynskjer tidlegare og nye songarar velkomne til øving i Uskedal kyrkje måndag 6. september kl. 17.00. Tilbodet er for born frå 1. klasse og oppover. Det er laga haustprogram med datoar for øvingane og ikkje minst konsert med Bjarte Leithaug. Samlinga med Leithaug er lagt til laurdag 6. november. Då er det både øvingsdag og framføring.

Bjarte Leithaug har vore i Kvinnherad mange gonger med korsong og konsert for born og ungdom.


Singing Tweens er eit tilbod i regi av Sundagsskulen. Til konserten med Bjarte Leithaug vert andre sundagsskular også inviterte til Uskedalen. Aurora Sofie og Emmie får vere med Bjarte Leithaug å leia denne konserten. Alle i Singing Tweens, som har lyst, får vera med å syngja solo eller saman med nokre få på konserten. Det vert øvingsdag heile laurdag 6. november og så avslutter vi av med konsert, fortel Nelly Kjærland i leiargruppa.

Alle born som ynskjer å vera med på konserten, melder frå. Meir informasjon kjem seinare. Men: Hugs fyrste øving – måndag 6. september kl. 17.00 i Uskedal kyrkje.

  

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Singing Tweens/ pressefoto