Ny kommunal del av Børneskaien skal vera ferdig i mars månad.
Arbeidet med opprustning av den kommunale delen av Børneskaien går mot ei ferdigstilling. Arbeidet er rekna å vera ferdig i måndsskifte februar/mars. Byggservice AS frå Sandvoll er entreprenør. Den totale kostnaden er vel 21 millionar. Prosjektet er finansiert med statlege og kommunale løyvingar over to budsjettår. Då uskedalen.no var på synfaring var dragarar og betongelement stort sett på plass. Då gjenstår betongarbeid og kaiutstyr. Skogeigarlaget sin del av kaien er ikkje omfatta av denne renoveringa. Ei undersjøisk fjelltabbe er skoten bort. Dette lettar lastinga av større skip.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal