Like sikkert som at våren nærmar seg, er damene er i full sving med førebuingar til den årlege HELSELAGS-BASAREN, Søndag 26.mars kl 1600. I går var det loddsal ved SPAR, noko ein vil halda fram med fredag og laurdag i denne veka. Helselaget har som vanleg mange flotte gevinstar både til åresal og på bok. På basaren vert det servert kaffi, saft og kaker. Om du alt no vil sikra deg lodd på bøkene, vippsar du berre til # 501209 (kr 10,-pr lodd). På bilete ser vi Klara Bakke og Marian Hauso ved SPAR butikken.

Tekst: Uskedal helselag
Foto/nett: Kristian Bringedal