Det er køyrd opp snøskuter- og skispor på Dønhaug, ein fin trase på bakkane til Erlend Bjørnebøle. Ein runde er om lag 500 meter. Ti rundar og du har lagt bak deg 5 km. Det er med andre ord ikkje trong for å reisa langt for å koma i snøen med preparerte spor. Ein tur til Musland og Fjellandsbø og du er i sola, nokre timar midt på dagen. Kom deg ut, gjerne på kvelden. Det går mot fullmåne og det er enno nokre dagar til mildveret kjem. Kva med ein måneskinstur på Dønhaug eller over Skårhaug.

Det er berre sola som manglar nede i dalen. På Musland og Fjellandsbø er det sol nokre timar midt på dagen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal