Allsongen trekkjer mange ekstra gjester.

Etter at det til tider har vore litt sparsomt med gjester på Kafè Tiaren, var det svært stort frammøte i dag. Forklaringa på oppblomstringa i frammøte er enkel. Allsongøktene med Rustne Menn, Kristian Bringedal, Svein Rimestad og Tore Nordal Pedersen, siste tirsdagen kvar månad er populære. Då kjem det alltid ekstra mange gjester.

Rustne Menn skaper alltid god stemning når dei drar i gong allsong!

Hovuddelen av programmet i dag var henta frå heftet Syng med Rustne Menn, men trioen opna med ein som ikkje er i heftet;- velkjende og vakre Blowing in the Wind. Alt på refrenget her var allsonfaktoren høg! Deretter forsette dei med allsongar frå heftet. Johannes Kleppevik sine skattar var med denne gongen og. Både Per, vil du danse og Hurtigrutesongen slår alltid godt an. Det gjer også Lillebjørn Nilsen sin Regnet er ein venn, I natt eg drøymde, Svein Rimestad sin tekst Elegi ved Uskedalselvo, Kjærlighetsvisa til Halvdan Sivertsen og dei andre songane. Publikum stemte godt i og kosa seg gjennom den gode halvtimen som blei avslutta med to solonummer frå Rustne Menn. Det var først Bjørn Eidsvåg sin Bare Ein Mann før dei heilt til slutt presenterte den svenske visa Har du visor, min venn som er heilt ny på repertoaret deira.

Gjestene og Rustne Menn hadde ei kjekk stund saman på Kafè Tiaren.

Songstundene med Rustne Menn er gull verd for Kafè Tiaren og dei besøkjande. Dei har vore faste og populære innslag gjennom mange år. Fleire har ymta om at det burde ha vore nokre innslag også andre tirsdagar. Frå neste tirsdag blir det presentert eit tilbod som vil gå første tirsdag i kvar månad framover. Uskedal Historielag sitt arkiv har eit skattekammer av eldre bilde som er plassert i mange permar. Desse er særs interessanne. Første tirsdag i kvar månad kan kafègjestene på Tiaren få tilgang til dette. Representantar vil stilla med to permar kvar gong, og håpar dette skal vekkja interesse hos både dei faste kafègjesten, og at nye gjester skal komma til.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland