Kvinnherad kommune ved sektor for Omsorg, helse og sosial hadde den siste opne dagen i dag. Det var på Halsnøytunet. Då har ein dag etter dag vore innom dei tre sjukeheimane Husnes, Rosendal og Halsnøy. Det har vore jevnt godt besøk. Best var det på Rosendalstunet med frammøte frå mange bygder. Målgruppa for open dag var pasientar, pårørande, pensjonistar, dei frivillige, lag og organisasjonar og alle andre som yter helse- og sosialtenester.

Rustne Menn skapte god stemning med solo- og allsonginnslag. F.v: Tore Nordahl-Perdersen, Svein Rimestad og Kristian Bringedal

Fokus er korleis ein kan ivareta eiga helse og det å kunna bu trygt og lengst mogeleg i eigen heim eller i tilrettelagt bustad. Rustne Menn hadde oppdraget med musikalske innslag, solo og ved allsong. Sinde Eidsvik frå førebyggjande brannvern var med og hadde stand. Uskedal helselag var representert på samlinga i Rosendal. Her er nokre av dei som hadde stand med informasjon:

  • Heimetenesta
  • Høyrslekontakten
  • Vurderings- og koordineringstenesta
  • Aktivitet og rehabilitering
  • Tannhelsetenesta
  • Musikkterapi
  • Fysio- og ergoterapi
  • Eldrerådet
  • Frisklivssentralen
  • Friskus
  • Frivilligsentralen
  • Besøksvener/ Optimisten/ Syng med oss
  • Bustadkontoret

Representantar frå det politiske nivået var invitert. Det var dårleg med frammøte. Litt artig er det å nemna at i Rosendal møtte ein politikar som er ute av politikken etter valet. På Halsnøy var ny ordførar, Vegard Bjørnevik, så vidt innom den opne dagen. Frivillige grupper steikte vafler og mjølkekaker og stod for all servering.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland