Opnar opp for barne- og ungdomsaktivitetar
Etter den siste pressemeldinga frå Regjeringa vert det opna opp for fritidsaktivitetar for born og ungdom i alderen opp til 20 år. Dette gjeld aktivitetar både inne og ute. Meld frå til uskedalen.no om oppstart av treningar, musikk- og songøvingar for born og ungdom. Det er framleis ikkje tillate med kampar, stemne og cup.
Red.