Ta ein tur til denne interessanne skulen på Husnes.

Vaksenopplæringa på Husnes er ein betydningsfull skule for heile Kvinnherad som mange har litt for lite kjennskap til. I tillegg til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar har også skulen grunnskuleopplæring for elevar som ikkje har fått gjennomført grunnskule i heimlandet sitt. Dermed får dei gjennomført skulegang opp til 10. klassenivå i faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag. Normalt brukar dei 2 år på dette etter at dei først har fått eit grunnlag i norsk.
I tillegg til flyktningar finn vi også elevar som har rett til norskopplæring av andre grunnar som at dei har norske ektemakar og anna, og arbeidsinnvandrarar. For tida er det i overkant av 60 elevar frå 12 ulike nasjonar. I tillegg er det venteliste på innvandrarar som ønskjer å byrja på skulen.
Vi finn uskedelingar mellom både elevane og lærarane, og for tida har skulen konstituert rektor frå Halsabråtet, Lene Gjuvsland Skjelnes.
For at innbyggjarane i Kvinnherad skal få bli kjent med denne interessanne skulen, inviterer elevar og tilsette til open dag torsdag 10. november mellom kl.11 og 13. Dei som møter opp, får treffa både lærarane og elevane og snakka med dei, dei får seg ein rundtur i lokala og får litt innblikk i skulekvardagen på Vaksenopplæringa.
Skulen held no til i Lonavegen og ligg vis a vis Coop i området der Kvinnheringen tidlegare heldt til.
Det er absolutt verd å ta turen for å få vita litt meir om denne spennande skulen og treffa mange kjekke folk. Litt spennande godsaker blir det også å bita i!
På bildet over ser vi Mayesha frå Uskedalen og Bangladesh i midten saman med Abdullah (t.v.) frå Syria som går på grunnskule no og Saromo frå Kongo som avslutta grunnskulen sist vår og går på Kvinnherad vidaregåande skule no.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland