Uskedal helselag, Rosendal helselag, Rosendal bygdelag, Seimsfoss grendelag og Omvikdalen bygdekvinnelag skipar til ope møte om kreftomsorg i Kvinnherad. Tid: Tysdag 20.september kl. 19.00
Stad: Rosendal samfunnshus. Det er mellom 900 og 1000 kreftramma i Kvinnherad, og det er viktig å ha fokus på kreftomsorg i kommunen.


Målsetting med møtet:

  1. Det skal vera gode planar for kreftomsorg, og at det skal vera samsvar mellom teori og praksis
  2. Auka 20 % kreftsjukepleiarstilling til 100 % kreftkoordinator
    Innleiing ved
     Geir Vangsnes – Kreftforeningen i Vestland
     Kvinnherad kommune – v/kommuneadministrasjonen
     Kreftkoordinator – Ullensvang kommune
    Paneldebatt med kommunepolitikarar og kommuneadministrasjon
    Velkommen til alle!
    Arr: Bygdelag, helselag og bygdekvinnelag i kommunen

Tekst/ foto: Presseskriv