Uskedal utvikling inviterer til ope møte, måndag 30. oktober kl. 19.00, med kommunestyrerpresentantane frå Uskedalen. Dei seks folkevalde vil presentera partiet sitt og viktige lokale saker. Det vert sett av tid til innlegg og spørsmål frå salen. Arrangøren vonar på godt frammøte og at mange nyttar høve til å sei si meining. Bilete syner politikargruppa. Bjørn Olav Tveit var ikkje med då bilete vart teke. Aktuelle tema kan vera:

  • Sentrumsutvikling – områdeplan
  • Elev- og folketalsutvikling
  • Næring og arbeidsliv
  • Trafikksikring – gang/sykkelveg Uskedal Bru – Steinsletto
  • Bustadbygging
  • Kultur og friluftsliv

Alle dei seks representantane har sagt frå om at dei kjem.

Tekst: Uskedal utvikling/ Kristian Bringedal
Foto: Arkiv
Nett: Kristian Bringedal