Då Uskedal Musikklag markerte 90 år 1. mars, blei det gjort videoopptak av feiringa. Filminga og etterarbeidet blei gjort av Karl Petter Vårdal i Vårdal Elmedia. Det er såleis eit professjonelt opptak. Vårdal Elmedia gjorde jobben for ein svært gunstig pris, og det var Uskedal Historielag som kosta opptaket.
Opptaket er no ferdig redigert i tre deler, og det er mogeleg for dei som ønskjer det, å få kjøpt opptaket til kostpris 160-200 kroner. Dei vil då få det på ein minnepenn levert av Vårdal Elmedia.
Dei som ønskjer kjøpa det, kan senda ein SMS til Thor Inge på 932 88 237 innan 25. mai.
Bildet viser Uskedal Musikklag på scenen i Helgheim då dei runda 50 år i 1986. Dirigent er Yngve Nikolaisen.

Tekst: Uskedal Musikklag
Foto: Kvinnheringen sitt arkiv
Nett: Thor Inge Døssland