Ønskjer historier om og bilde av Gustav Bergstø.
Hjelp Uskedal Historielag med innsamlingsarbeidet
I 2007 kom det ut bok om Gustav Bergstø, “Gustaven og dei siste mohikanarane”, forfatta av Olaf Agnar Gausvik. Den var så populær at sjølv om den kom ut i 3 opplag, blei den heilt utseld.
Likevel er det mange gode historier om denne idèrike og fargerike uskedelingen som ikkje er skrivne ned. Vi er interesserte i at alle som har noko, skal ta kontakt med historielaget.
Mange sit med mykje interessant stoff om han som blei kalla “oppdrettsnæringa sin far”, han som dreiv internasjonalt hjelpearbeid med alt frå hermetisert kjeakjøt til klesinnsamlingar, han som haika til hovudstaden og fekk både statsråd og statsmininister i tale, pioneren innan bygging av småbåtar. Ja, oppramsinga kunne blitt lang, for idèane kom tydelegvis som perler på ei snor for denne karen.
Hjartesaka hans var likevel truleg å læra ungdommen sjå verdien av å arbeida. Det var framtida.
Han var ikkje berre laksekongen, han var også vedakongen. Han støtta sommarjobben for ungdom med 100 tusen kroner rundt tusenårsskiftet. Han fekk unge gutar til å klippa seg mot betaling. Han fekk ungdom og barn til å sjå verdien i det å arbeida. Stort sett var betalinga i kroner og øre, men han kunne også betala 12 åringar med 3 gåsungar for ein småjobb.
Uskedal Historielag ønskjer å samla inn stoff om denne fargerike uskedelingen som debuterte på sydentur 86 år gammal. Vi er interesserte i gode historier og forteljingar om samvær med han. Bilde er vi sjølvsagt veldig interesserte i. Vi har allereie nokre svært kjekke bilde, men ønskjer mange fleire.
Alle som har noko å bidra med, blir oppfordra til å ta kontakt med skriftstyret i Uskedal Historielag enten på telefon 932 88 237, på epost uhl.skrivar@gmail.com eller ved direkte kontakt med eit av skriftstyremedlemmene.
Resultatet av responsen vil avgjera kva dette resulterer i.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kvinnheringen