Artiklane er klare, og er til korrekturlesing.

Utvalget av artiklar til bok nr.2 i serien til Uskedal Historielag, «Den nære fortida», er no klare. Dette blei bestemt på eit møte mellom skriftstyret og styret i laget denne veka.  Boka vil innhalda 23 artiklar med kjekt og variert lokalhistorisk stoff ført i pennen av ulike forfattarar.  Artiklane er no til korrekturlesing, men skriftstyret ønskjer framleis fleire bilde.  Bilda er jo så viktige i ei slik bok! Mange har vore flinke og sendt oss bilde, men det er heilt sikkert meir å henta. Derfor håpar vi mange ser gjennom skuffer og eldre album og sender oss bilde.

I månadskifte juni/juli blir artiklar og bilde overlevert til Åslaug Snilstveit i Salikat Design som også skal produsera denne boka.
I denne omgang er jo bilde som har tilknyting til artiklar i boka, mest aktuelle, men alt er av interesse. Boka vil innhalda mykje minnestoff.  I fleire artiklar blir det minnestoff frå skuletida på dei tre skulane som var i bygda, – Gamleskulen, på Skorpo og på Haugland.  Mange har minne frå fotballkampane, med tett med publikum, frå før krigen og utover på 70-talet.  Butikkdrifta på Sanden og livet og aktiviteten på Sandakaien har heilt sikkert mange minne frå.  Andre hugsar tida då dei ikkje fekk kjøpt mjølk i butikken og måtte gå på mjølkeutsalget eller direkte til bonden.  Har nokon bilde av mjølkebilane og dei mange mjølkerampane som var i bygda?  Mange gjekk på arbeidstova i huset på Brekketoppen der det også var mykje annan aktivitet.  Har nokon tatt vare på ting dei laga på arbeidsstova slik at dei kan fotografera det og senda oss bilde? Andre bilde med tilknyting til dette landemerket av eit hus er også av stor interesse.
Elles vil ein kunna lesa om kyrkjereise til Rosendal før vi fekk eiga kyrkje, om korn og kvernhus, om historia til Solheim Turiststasjon, om 175 års aktivitet i misjonsforening, og ikkje å forgløyma ein svært kjekk minneartikkel frå ei ungjente, no snart 92 år, som blei sendt frå Bergen til Uskedalen under krigen.
Første boka i serien vart ein suksess. Godt over 500 har til no kjøpt den.  Tilbakemeldingane har vore kjekke både frå uskedelingar, utflyttarar, unge og eldre, og lokalhistorisk interesserte utan direkte tilknyting til bygda.

Alle som har bilde eller tips til seinare bøker kan kontakta ein i skriftstyret som er samansett av Astrid E. Haugland, Svein Rimestad, Harald Sætre, Torkel Stensletten og Thor Inge Døssland. Vi håpar og trur at oppfølgjaren også vil falla i smak. Det vil bli førehandsalg til redusert pris frå 25. august og ut september. Dei som har betalt medlemskap i Uskedal Historielag, vil få prisen redusert med ytterlegare ein femtilapp. Medlemsskap kostar 200 kr, og vippsnummer er 76 38 03 og kontonummer 3207.37.52026.
Arbeidet med artiklar og innsamling av bilde til bok nr.3 er også godt i gang.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal.