Perlo Kajakklubb samlar medlemer og padlarar frå heile kommunen. Kvar onsdag kl. 18.00 skipar klubben til padletur. I dag var Uskedalen utgangspunktet for tur i litt regn og svak vind. Turen gjekk gjennom Holmsund og vidare inn Storsund mot Rosendal. Perlo Kajakklubb har tilbod om kurs, både grunnkurs, teknikkurs, rullekurs og kurs for vidarekomne. Medlemne i kajakklubben er godt kjende langs strendene i Kvinnherad. Det er knapt noko som kjenner strandsona betre enn padlarane. Sist klubben var i Uskedalen gjekk turen til Skorpo, gjennom Mjødnasund, langs Snilstveitøy på nordsida, gjennom Kalvsund og attende til Uskedalen. Det har også vore turar frå Husnes til Uskedalen. Bilete syner start på turen med desse padlarane: Sturla Helland, Oddvar Larsen og Leif Gunnar Hovden.

Tekst/foto/net: Kristian Bringedal