Tysdag i denne veka var ei gågruppe frå Rosendal med Knut E. Skåla som turleiar på dagstur til Uskedalen. Det vart diverre ikkje teke bilete av gruppa. Dagen starta øvst i dalen på Fjellandsbø før turen gjekk til Vonheim, Haugland skulemuseum og Kafe Tiaren. Omvisarane Møyfrid Kristoffersen og Kristian Bringedal fekk ei unik gåve som takk for jobben, nemleg kvar si sponkorg laga av Knut. Flettetradisjonen i Kvinnherad er godt dokumentert, mellom anna ved deltaking i EØS prosjeket Viva Basket for 10 år sidan. Knut E. Skåla har i lang tid laga ulike typar korger, sponkorger og åleteiner. Han har vore kursleiar og formidlar av handverket, til nytte og inspirasjon for mange.

Ei sponkorg i gåve til Møyfrid Kristoffersen. Korga er alt teken i bruk til bregdaband.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Møyfrid Kristoffersen