Lofotfisket – berre nemninga viser til eventyr. Eg er no midt i dette eventyret som barnevakt for eit oldebarn, Konrad Kristoffer Helleberg på 19 månadar. Trass i sin unge alder er det 2. sesongen hans i Henningsvær. I 2020 hadde mamma, Alice Roseth Helleberg, fødselspermisjon og dei budde i ei lita rorbu saman med pappa Kurt Inge Helleberg. Mannskapet budde i båtane.

Denne sesongen bur vi i ei stor leilegheit på kaikanten hos Hovde maritime, hjørnesteinsbedrifta i Henningsvær. Til vanleg vert husværet leigd ut som bufellesskap. Alice og Kurt Inge har leigd den for seg og sine. Dei ville ikkje ha framande i det 4. soverommet – og farfar, Karsten Helleberg ville bu i båten slik han var van med sjølv om det er plass inne. Han trivest med båtlivet, og som han seier då har han tilsyn med båtane samstundes.

Familien Roseth Helleberg stiller med to farty på Lofotfiske, f.v: KURTI og CARISSA.

Saman med oss bur ein elev frå Strand vgs. Han går 1. året naturbruk og har nett søkt på 2. året Fiske og fangst, ein kjekk kar på 17 år. Det er 4. året dei har samarbeid med Strand vgs. Det vert meir og meir populært for elevane å få praksis frå fiske

I år skal det vera med 2 elevar. Dei har 3 veker kvar. Skulen har eigen kvote som dei deler ut til elevane.

Alice fiskar i open kvote. Sidan båten hennar er 35 fot har ho tildelt 15,5 tonn. I 2020 fiska dei kvoten hennar på 3 dagar. No etter 1,5 veke har ho ikkje halvparten. Det er 7. sesongen hennar. Fyrste sesongen var i 2015. Så dårleg fiske har ikkje ho opplevd tidlegare. Kurt Inge eig sine kvotar. Totalt skal dei fiska 120 tonn, med denne farten vil det ta tid. Henningsvær har veldig god hamn. Helga 27. – 28.2 var det landliggje grunna storm. Vi gjekk tur langs kaiane. Det var heilt merkeleg. Båtane låg inne, men det kjendest stilt ut då vi gjekk der. Stakk vi derimot nasa over molokanten kjende vi vindstyrken. Vi møtte mange kjenningar og det dårlege fisket var det store samtaleemnet. Veret vekslar raskt her. Best som sola skin kjem snøkavane. I dag har det snøa tett heile dagen.

Døgeret har eg måtta snu på, tidleg i seng og tidleg opp. I går for dei ut før kl. 5. I dag var dei litt seinare. Det er vind og ver som styrer dagen deira. Vi tar det meir med ro, men Konrad er morgonfugl.

Det er ein båt frå Kvinnherad her, H-13-K. Eigaren bur i land,. Vi har ikkje møtt han enno.

Fangsten er klar for levering. F.v. Kurt Inge, Karsten og Alice.
Tekst: Eli Roseth Eik
Foto: Privat
Nett: Kristian Bringedal