Oddingane som blei halvt uskedelingar.
Nyt livet ved å bu i båten i Uskedal Båthamn.
Oddaparet Daniel Kambestad og Liv Sjøen er velkjende i Uskedalen. I sommarhalvåret stortrivst dei ved å bu i seglbåten sin i båthamna. Dei er no pensjonistar begge to, og frå påsketider og til langt utpå hausten er dei uskedelingar. Første gongen eg høyrde om paret, visste eg ikkje kven dei var. Eg høyrde om ein odding som leigde plass i hamna og var så flink til å delta i dugnadsarbeidet. No slår vi av ein god prat kvar gong vi møtest. Og det er ofte.
Mandag føremiddag møtte eg på dei to då dei sat i skuggen av Strandstova og slappa av etter deg daglege morgon-/føremiddagsturen. Eg ville vita korleis det hadde seg at dei slo seg til ro i båthamna i Uskedalen, og kor lenge dei hadde vore der.
– Det var litt tilfeldig at vi hamna her. Vi låg i Herøysundet ein sommar, og så ringde me der året etterpå og spurde om å få leiga på litt lengre sikt, men dei ville ikkje ha seglbåtar. Så vi var heldige som hamna her. Det var berre flaks. Vi har vel vore her i i alle fall 10 år, innleiar Daniel. Då må Liv korrigera han.
– Meir enn 10, seier ho og han nikkar samtykkjande og seier at tida går så fort.
– Eg har jo inntrykk av at de har trivdest godt her, prøver eg.
– Ja, utan tvil. Det er så fint her at, stemmer dei to i.
– Kva er det som gjer at de trivest så godt her i Uskedalen?
– Det er kjekke folk her og fine turmuligheter. Det er mykje himmel, og opnare enn i Odda, og så ligg det fint til om vi skal gå med båten. Det er mange fine plassar vi kan gå til med den. Det er mange ting, fortel dei to, og det er tydeleg at dei nyt dette livet.
– Eg trivest med Sjøen (sjøen), veit du, seier Daniel med eit smil og tenkjer både på kona og båtlivet.
Eg har registrert at dei er ofte går på tur både i regn og solskin.
– Vi pleier å gå til Ådnaklett kvar morgon viss det er ver. Elles så har vi no vore på dei toppane som er rundt her. Vi har fått litt dårlege kne så det blir litt kortare turar no enn det var før, fortel dei om turgåinga, før eg slår praten over på at dei ikkje er her berre i sommarferien.
– Vi kom litt seinare på våren tidlegare då vi hadde båten heime i Odda om vinteren. Då måtte vi gjera den klar i påsken, og då kom vi ut i mai. No når vi har båten liggjande her om vinteren, kjem vi ved påsketider, sånn i midten av april, og så reiser vi heim att i oktober, sånn i begynnelsen av oktober. I vinterhalvåret er vi berre ut og ser om båten, men då er det verken sol eller folk her så då er det like bra å vera i Odda, fortel Daniel vidare.

Som nemnt innleiingsvis var Daniel frå første sommar flink til å bidra i dugnader i hamna. No sit han i styret i Uskedal Båtlag.
– Ja, det er jo sånn det går. Når ein involverer seg litt så hamnar ein i styret til slutt. Eg syntest det var kjekt å gjera på noko når me var her. Me leigde jo plass til å begynna med. Det er jo uskedelingar som har førsterett til å kjøpa båtplasser, men så var eg heldig. Det var ikkje uskedelingar på lista akkurat då, og så fekk eg kjøpa. Eg følte eg var veldig heldig som fekk kjøpa her, fortel Daniel som no er slippansvarleg i styret, og i og med at han er i hamna, blir han i dei fleste tilfelle båtlaget sitt hyggelege ansikt mot gjestene.
Eg nemner at i og med at han er slippansvarleg, er han vel mykje bunden til plassen.
– Det er ikkje slik at eg må vera her. Eg har gode hjelparar, og det er i alle fall 3-4 som kjører slippen. Eg treng ikkje vera her heile tida. Viss eg ikkje er her, blir det for meg å administrera det, for det er jo meg dei kontaktar.
Med den kjølege våren og forsommaren, har det vore heller stille i båthamna.
– Det var veldig lite båt heilt fram til fellesferien begynte. Då kom jo godveret og, så det var vel ein kombinasjon med godver og fellesferie som gjorde at det no er omtrent fullt i hamna, sa Daniel då eg snakka med han mandag. Torsdag møtte eg Eva og Daniel då dei kom frå morgonturen sin til Ådnaklett. Då kunne dei fortelja at det var meir en fullt i hamna.
– Vi har sluppe å avvisa nokon. Vi har løyst det med å leggja båtar utanfor kvarandre. Det har vi kunna gjort sidan veret er så roleg. Viss ikkje, måtte vi ha avvist båtar. Det er ikkje kjekt, sa den sympatiske oddingen torsdag.

Eg veit at Daniel Kambestad er ein fantastisk munnspelar, kjend frå Vetrhus Bluesband. Her i Uskedalen har vi også høyrt han med Gråblå Strenger i Dønhaugkjedlaren. Når eg brukar adjektivet fantastisk her, er det verkeleg på sin plass, og eg spør om han har munnspel med i båten.
– Eg prøver ikkje plaga folk med for mykje spel, innleier han, men innrømmer at han har eit munnspel med i båten.
– Det hender at det kjem nokon som spelar gitar. Då kan det skje at vi spelar litt saman. Det er no spesielt når det er ein familie er her som kjem igjen kvart år, men det er helst lite speling. Det er så mykje anna å finna på.
Med dette avslutta eg denne praten med dette positive Odda-paret.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland