Kom og sjå bilde frå tidlegare tider.

I morgon, tirsdag, startar det opp eit nytt og spennande tilbod på Kafè Tiaren. Då vil nemleg representantar frå Uskedal Historielag vera på plass med eit par av permane med eldre bilde frå det rikhaldige arkivet som er samla inn. Der er det mykje interessant! Dette blir eit tilbod første tirsdagen i kvar månad. Dei som ønskjer det, kan då bla gjennom permane og studera bilda. Kanskje finn de og kjente ansikt og kan hjelpa med namn som ikkje er på plass? Dei som har, må svært, svært gjerne ta med bilde.
Vi håpar at mange finn dette interessant. Bilda er på plass frå kl.11 når kafèen opnar.

Første bilen i bygda.
Tekst og foto: Uskedal Historielag
Nett: Thor Inge Døssland