Nytt storfjøs under bygging på Haugland.
Det er ei svært positiv utvikling i landbruket i Uskedalen. Svært mange ungdommar viser stor interesse og legg ned ein stor innsats i det. Nyleg blei eit stort fjøs tatt i bruk av brørne Stian og Tor Ove Haugland. No er arbeidet godt i gang med eit svært stort fjøs litt lengre oppe på Haugland; – på garden til Svanhill og Lars Haugland. Der er heile familien i arbeid, og det er til no lagt ned ein heilt imponerande eigeninnsats. På bildet ser vi dei tre brørne, Johannes(f.v.), Torbjørn og Øystein Haugland oppå siloen med Ulvanåso i bakgrunnen.
Då uskedalen.no stakk oppom laurdag ettermiddag var dei tre sønene på garden, Øystein, Johannes og Torbjørn, i full sving med å fylla inntil betongmurane med steinmassar. Johannes lesste på traktor-tilhengaren, yngstemann Tobjørn transporte med traktor medan Øystein la siste hand på verket med inntilfyllinga. Far Lars var også i full sving, men hadde ein liten pause nett då denne bladfyken hefta dei arbeidsomme ungdommane.
Neste veke skal dei så starta med støyping av resten av ringmurane. Øystein fortel at dei reknar med at det skal bli gjort på tre veker. Etter det skal sjølve bygget reisast. Reisinga av bygget tar berre tre veker, og grunnen til at det går så fort forklarer dei tre gutane med at det er ein kaldflor dei skal bygga. Det betyr at dei slepp betongelementa i veggene. Vi har sett at mange bygger kaldfjøs no. Det fungerer godt for kyrne som trivest godt ved temperaturar frå 10 grader og nedover til null.
– Eg trur kyrne likar det godt, men det blir litt kaldare for folka som skal jobba der. Og så blir det rimelegare, seier ein av dei tre medan dei to andre samtykkjer.
Det blir eit gedigent bygg som dei håpar å få ta i bruk til jul. Nybygget blir 909 kvm med kontoret. I tillegg kjem den gamle delen med silobygget. Det er vel rundt 400 kvm. Berre møkkaskuten under melkekyravdelinga i nybygget er på 525 kvm.
I nybygget blir det ein rein melkedel med robot og det heile. Der blir det plass til 49 melkekyr. Øystein fortel at dei i utgangspunktet hadde tenkt å bygga for 35 melkekyr, men det kosta såpass lite med litt lengre langvegger så derfor auka dei storleiken.
– Vi har ikkje forgrunnlag for 49 kyr enno så vi startar med mindre, og med mulighet til å auka opp framover.
Gamledelen der det no er fullt med melkekyr, skal blir fjøs for ungdyra.
Integrert i bygget er ei gedigen silo. Den er heile 13 meter høg og 8 meter i diameter. Såleis er det plass til over 650 kubikk med silofor. Dei reknar derfor med at dei skal ha siloplass til så godt som alt siloforet.
Nye krav som trer i kraft frå 2024 og utover mot 2034 var medverkande til at dei starta opp med å bygga det nye fjøset. Det er foreldra til dei tre gutane som driv garden.
– Vi håpar at dei kan driva nokre år lenger og no når drifta blir enklare og meir lettvindt, poenterer også dei tre driftige ungdommane omtenksamt.
Når eg har kjørt opp og ned dalen, har eg lete meg imponera av arbeidsinnsatsen til dei tre ungdommane og resten av gjengen som har stått på både seint og tidleg heile sommaren. Derfor spør eg om dei veit kva eigeninnsatsen deira er verd i kroner og øre.
– Vi har vel ikkje rekna så mykje på dugnadstimane. Det er vel heller utgiftene dei reknar på, seier Johannes med eit lunt smil.
– Det var vel på ca.9 mill. inkludert eigeninnsatsen det som blei sendt til Innovasjon Norge, legg Øystein til. Han er eldst av gutane med sine 24 år, har fagbrev som maskinkjørar og har jobba 5 år i entreprenørfirmaet Vassbakk og Stol, og starta i fjor haust på ingeniørstudie i Bergen. Ved jul tok han eit år pause og har vore heime og fulgt opp arbeidet med den nye driftsbygningen. Etter jul skal han fortsetja på studiet. Johannes, 23 år, var ferdig utdanna bygningsingeniør frå Høgskulen Vestlandet no før sommaren. Medan han skreiv bachelor-oppgåva siste halvåret, var han allereie i gang med jobb hos Brødrene Musland Maskin AS der han trivest svært godt. Yngstemann, Torbjørn (16), er klar for å starta opp på andre året på studiespesialiserande på Framnes vidaregåande skule.
Alle tre er samde om at det er interessa som driv dei i arbeidet på heimegarden. Det er tydeleg at alle tre syns det er veldig kjekt å bidra i dette.
Gutane syns nok kanskje at dei får mykje fokus for arbeidsinnsatsen, for dei fortel at både søstera deira Ingebjørg(26) og kjærasten hennar, Svein Are Furdal, som bur i Omvikdalen, har vore veldig flinke til å hjelpa til. I den samanheng nemnde dei eit “spesialoppdrag” søstera hadde hatt dagen før. I byggeprosessen hadde det ikkje vore til å unngå at diverse gjenstandar hadde hamna på botnen i den djupe siloen. Dei hadde ingen stige på 13 meter. Då kom klatrarerfaringa til Ingebjørg til sin rett. Ho blei firt ned dei 13 metrane og henta opp igjen tinga.
Det blir spennande å følgja det vidare arbeidet med bygget. Uskedalen.no vil følgja opp med fleire reportasjar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland