Nytt nettkamera er no på plass. Du finn det ved å klikka deg inn på Bilete i menyen og vidare på Nettkamera. Grunna avgrensingar, som ligg i Lettnett løysinga frå Serit Idreft, let det seg ikkje gjera å få ei direkte visning. Ei løysing med plassering på framsida vart heller ikkje bra grunna statisk bilete. Difor er løysinga å finna Nettkamera under menyen Bilete der det ligg eit statisk bilete. Klikk og du får opp bilete frå nettkamera.

https://uskedalen.no/bilete/nettkamera/

Det er Hans Ordin Østebø som har arbeidd med å finna ei teknisk løysing. Knut A. Myklebust har ansvaret for montering, tilsyn og dagleg drift.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå nettkamera.