Nytt år med optimisme og nye husprosjekt i Ospelunden
Det er full aktivitet i Ospelunden med ferdigstilling av hus og klargjering av nye tomter. Oddbjørn Kroka i Ospelunden AS er godt nøgd med 2020 og den gode framdrifta held fram inn i det nye året. Infrastruktuen i byggefeltet med veg, vatn og kloakk er på plass. Den siste tomta, som er klargjort for forskaling og støyping, ligg øvst og ytterst mot vest med panoramautsikt mot Uskedalen, Skorpo og Hardangerfjorden.
I samtale med Uskedalen.no fortel Oddbjørn Kroka at fjoråret gjkk bra. Hovedfokus har vore å få ferdig veg, vatn og kloakk til alle dei øvste husa. Det er seld og overlevert tre leiligheter og seks tomter i 2020. Det kan bli den same aktiviteten i 2021.
Kroka ynskjer å byggja fire mindre tomannsbustader på same tid. Dette krev ei mindre endring av reguleringsplanen.Det vert også arbeid med ein større tomannsbustad, same som dei fire siste som er bygde
Det er tinga gatelys som venteleg kjem på plass innan kort tid.
Entreprenørfirma Brødrene Musland har alt arbeid med veg, grøfter og planering av tomtene. Kvinnherad Bygg leverer materialane. Det vert elles, så langt det let seg gjera, brukt lokale firma på røyr, elektro og snikkararbeidet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal