Nyttårsfeiringa er for det meste i privat regi, i heimen med familien og gode vener. Det er likvel nokre kreative og nye måtar å markera overgang til nytt år på. Vi kjende med at ei gruppe har vald å leggja nyttårshøgtida til område rundt Mannsvatnet, på hytta Fjelly og i privat hytte. Det er familiar med mindre born. Redaksjonen vil gjerne få bilete og litt informasjon frå slike feiringar. Dansen i Helgheim for vaksne går etter oppsett plan. Det er eit arrangement for dei som er påmelde og som har betalt inngangen på VIPPS. GODT NYTT ÅR til alle trufaste lesarar av uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto