Uskedal musikklag, kantor Eva Megyesi var der og kyrkjelyden svikta ikkje. Eit frammøte på vel 30 personar medrekna aktørane er soknerådet godt nøgd med. Målet var å lytta til musikk og vera med i songen frå repetoaret til Frelsesarmeen. Kantoren hadde vald ut seks salmar frå tema hausttakkefest, dåp og nattverd, ukjende for dei fleste, men med god metodikk for innlæring fekk mange med seg tonen og innhaldet.

Ikkje ei fullsett kyrkje, men ein motivtert kyrkjelyd i innlæringa av nye salmar.

Uskedal Musikklag har eigen arrangør, Bjørn Aakre, og tilgang til musikk frå den store noteproduksjonen til Frelsesarmeen. Det er salmar, songar, marsjar og andre musikkstykke laga for brassband eller hornorkester som dei kallar korpsa sine.

Kantoren valde å ta all presentasjon og innlæring frå galleriet. Med god lyd fungerte det fint. I Norsk Salmebok ( 2013 ) har den kjende salmen Alltid freidig når du går fått ny rytme. Her fekk kyrkjelyden prøva seg på avlæring av rytmen slik vi er vane med og så bruka den nye meir jazzprega rytmen.

Det vert lagt opp til ny salmekveld i vårhalvåret. Det neste er Temakveld i november med tema: Frå tysk katolisisme til norsk lutherdom v/ sokneprest Carsten Mrusek.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal