Filmskapar og eventyrar Anders Kråkevik har avtalen i boks om ny sesong med Søringen og Samen. Opptaka er gjort. Til uskedalen.no fortel Anders at han er litt usikker på kva tid serien er klar for sending. Opptaka skal gjerast klar med klipping og redigering. Før det skal radarparet til Mongolia der dei skal møta reindriftsfolk i landet. Det er ei storhending, særleg for Mathis som aldri har vore ute av landet. Det vert den fyrste utanlandsturen for Mathis. Turen til Mongolia vert no i vårhalvåret.

Programmet Søringen og samen går i reprise på TV2

Elles har mange merka seg at programmet Søringen og Saman går i reprise på TV2. Det er ein dokumentar med tre program der Anders Kråkevik planlegg å flyga Noreg på langs med paraglider. Han landar og møter samen Mathis A. Oskal. Anders avbryt den vidare turen, vert verande hos Mathis og går inn i reindrifta på Finnmarksvidda.

Anders Kråkevik bur på Eikelandet Brygge i Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå programmet Søringen og samen