Caroline Steine og Harald Andreassen er dei nye eigarane til det som var lærarbustaden på Haugland. To personar til er med på kjøpet. Det var, som før skrive, stor interesse og huset gjekk for ein halv million kroner over takst. Dei siste eigarane, Astrid Haugland og Hilde Goa Haugland, døtrer til Olav Haugland, er godt nøgde med salet. Huset vart overlevert dei nye eigarane 1. juni. Astrid og Hilde har i flyttesjauen vore flinke med å sjå til at kulturhisorisk materiale etter bestefaren , lærar Andreas Haugland, vert teke vare på og sikra i Uskedal Historielag sitt bygdearkiv.

Astrid Haugland og Hilde Haugland Goa syner fram diplom, mellom anna frå Kongens medalje til bestefaren lærar Andreas Haugland.

Samlinga etter lærar Haugland vert sortert og plassert slik:

  • Skulebøker og alt som er relatert til arbeidet hans på Haugland, vert plassert i skulemuseet
  • Notar, diplomar, notatbøker, ordsamling, materiell frå misjon- og ljosjearbeid m.m. vert lagt i bygdearkivet på Stemneplassen.
  • Foto er registrert og digitalisert som ein del av fotosamlinga.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Eiendomsmeglar 1/ Kristian Bringedal