Musland Maskin har hatt full styrke i arbeid denne veka med å leggja ny vassledning mellom Busslomma og Brekketoppen. Arbeidet er gjort med to arbeidslag. Ein eine laget har jobba på strekninga mellom Solheim Turiststasjon og Geilovegen, det andre mellom Stølen og fram til kum ved Eldbjørg og Lars Myklebust. Temperaturen er årsaka til at Vassverket har fått gjort dette arbeidet no. Meir kulde og lågare temperatur kunne gjort at arbeidet stoppa. Omkoplinga vart gjort i dag. No skal alle ha vatn som normalt. Vidare arbeid ved Uskedal skule og Stølen vert gjort i neste veke.

 

Musland Maskin i arbeid på strekninga Busslomma til Brekketoppen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Heimesida til Uskedal Vassverk.