Då den rutinerte og særs dyktige trommisen Bjørn Moe i september i fjor tok steget fram og debuterte som låtskrivar og vokalist i ein alder av 55, var det ei openbaring for musikkelskande lyttarar. Debutlåten “The Book” fall i smak hos mange, og dei gode tilbakemeldingane var veldig fortente. No er han klar til å følgja opp! Den sterke og energiske singelen “The Healer” blir sleppt på alle strøymetenester fredag 4.februar.

Bjørn Moe er ein særs erfaren musikar, men han har heilt til det siste site trygt bak trommesettet som han trakterer på ein fullkommen måte. Gjennom meir enn 30 år har han imponert med trommestikkene, og han har spelt saman med utallige band med dyktige og kjende musikarar. Det går ikkje an å nemna alle han har spela med, men vi nemner “De musikalske dvergene”, “Vetrhus bluesband”, “Gråblå strenger” og “Nobody’s Business BB” som smakebitar.

Bjørn Moe.

Bjørn Moe tar oss denne gongen med på ei sjølvransakande og spennande reise i mystikkens verd. “Med sin dype og emosjonelle stemme lokker han lytteren med inn i historien om “The Healer” med følelse og lidenskap. Den sagnomsuste healeren søkes, og finnes på en dynamisk og mystisk reise gjennom ukjente land. Men møtet blir ganske annerledes enn forventet,” heiter det i pressemeldinga.

I motsetning til debutsingelen som ironisk nok var heilt utan trommer, hyller han denne gongen si lange karriere som trommeslagar.
Bjørn Moe står sjølv for trommer, perkusjon, vokal, bass og piano. Han er godt støtta av sterk kvinneleg backing-vokal av spelemannsprisvinnar Gina Aspenes og veletablerte Kristin Bergsvik. Lars Hammersland sitt hammondorgel gir assosiasjonar til ein magisk periode i rockehistoria, og Tore Kvalvik sin elgitar både groovar, kviskrar og ropar med autoritet og innleving.
Den erfarne produsenten Eirik Grønner har dryssa godlyd og litt orkester-element på toppen.

Etter at Bjørn Moe har flytta til Uskedalen og Nedre Halsabråtet, har han tydelegvis kome til gode omgivelsar der kreativiteten til den dyktige musikaren kjem til uttrykk. “The Healer” er den andre av fire singlar som han slepper før han kjem med debutalbumet hausten 22.

Fredag publiserer vi direktelink til Spotify, og vi oppfordrar alle til å høyre nok ein nydeleg låt frå Trommeloftet i Nedre Halsane.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Tor Helge Øygarden