Uskedal sokneråd minner om salmekvelden dei inviterer i kyrkja i kveld, tysdag 22. februar, kl. 18.00. Kvartetten ÆRE og kantor Eva Megyesi vert med. Det er som vanleg lagt opp til mykje allsong med salmar henta frå Norsk salmebok med mellom anna tema Guds stordom og herlegdom. Utvalde salmeforfattarar denne gongen er Svein Ellingsen og Trygve Bjerkrheim. Alle kjenner salmen Han tek ikkje glansen av livet, ein salme som er med på programmet. Les meir om desse to forfattaren:

Svein Ellingsen, f. 1929, døydde 2020. Ellingsen kjem frå Kongsberg. Han er biletkunstnar og forfattar. Ellingsen er rekna som ein fornyar av norsk salmedikting språkleg sett. I Norsk salmebok finn vi heile 43 salmar av Svein Ellingsen i tillegg til 15 omsette tekstar. Mest kjend er truleg salmane Noen må våkne i verdens natt og Det finnes en dyrebar rose.

Trygve Bjerkrheim, f. 1904, døydde 2001. Han kjem frå Bjerkrheim i Rogaland og har vore bibelskulelærar, lærar og forfattar. Bjerkrheim er knytta til Norsk Luthersk Misjonssamband og var mellom anna redaktør for bladet deira Utsyn. Han er også kjend for ein stor produksjon salmar og songar og dikt, heile 13000 tekstar. Mest kjend er truleg salmane: Det er makt i de foldede hender og Han tek ikkje glansen av livet.

Velkomne til ei songglad stund i Uskedal kyrkje i kveld.

Tekst(nett: Kristian Bringedal
Foto:  Arkivfoto frå sommarkonsert i Kvinnherad kyrkje