Det blir også høve til å kjøpa Uskedalsboka.

Loddsalget i Uskedal Friluftslag sitt vedlotteri har gått veldig bra til no. Svært mange kjøper lodd. Det verkar som kjøparane set pris på dei varmande gevinstane og det gode arbeidet som blir gjort på Stemneplassen, og vil gje støtte til det. Gevinstane er som kjent 15, 10 og 5 sekker god og tørr ved, kvar sekk på 80 liter. Trekning blir 7. mai på arrangementet då den nye turvegen til Skårhaug blir opna.
Påskeaftan vil loddseljarar sitja ved SPAR Uskedalen og selja lodd frå kl.11 og utover. Det kan betalast med både vipps og kontantar. Dei som ikkje skal på butikken, kan også kjøpa lodd ved å betala med vipps. Då vil det bli registrert direkte av kasseraren. Vippsnummeret til Uskedalen Friluftslag er 60 55 65. Friluftslaget er svært takksame overfor alle som støttar arbeidet knytta til Stemneplassen.
På standen ved Spar kan ein også kjøpa Uskedalsboka “Den nære fortida”. Då kan ein også betala med både kontantar og vipps, men ein må då bruka vippsnummeret til Uskedal Historielag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Hildegunn Røssland